- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
360

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

360

KVÆDE

Opningskvæde

til den norske „Marknaden" i Oslo 1898.

Dølen er ein truskyldig Mann;

tek etter og lærer so godt han kann.

Lærer av deim som han tenkjer maa

betre vita og betre forstaa,

dei som skal liksom dei likaste vera.

Og seg meg, kva skulde han elles gjera?

Trugin er han au, som me vel kann sjaa;

det han til seg hev eigna, det held han paa.

Og byggjer av det baade Stogu og Bur;

dreg det inn i sin eigin Kultur.

Gøymer fram gjenom Ættir mange,

og legg til sjølv i Tidine lange.

Det er ikkje berre fraa i Aar og ifjor,

det han kann telja deg Ord for Ord;

sitt beste han hev — dei lærde fann det —

fraa den Tid daa me hadde Storfolk i Lande.

Daa dikta han inn, den megtuge Bonde,
ymist nytt i det fyrr han kunde.
Hand-Lag fraa gamalt og Skaldskap sterk
vart ny Kunst no og nytt Songarverk.
Riddardans gjeng med Song yvi Tilja;
daa lærer han „Bendik og Aarolilja".
I Høgeloft sit Fruvur og vev og saumar;
han Bilætkunst lærer med Fargar og Draumar.
Erkebispen messa i Nidaros-Domen;
i Draumkvæde høyrer me enno Ljomen.

Det er ei Tid med Blod og med Kraft,
ein Vaar med Sevju og Sol og Saft.
Naar einsleg i Fjelle Skyttaren driv,
so mykje og mangt gjenom Hugen sviv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0368.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free