- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
367

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

367

og mi Sjæl vart til eit Saar i mitt Liv;
ja eit Saar som bløder og aldri grøder
vart mi Sjæl;

for eg saag at Folke maa døy ;
og der er ingin som frelser.

Sine Fedrar og sin Fedra Gud hev det gløymt;

naar han vert nemnd spotter det og segjer:

kven er han ?

Vil han og vera ein Gud?

Er der andre Gudar

enn Gudane aat Kanaan og Edom?

Og seg sjølv hev det gløymt,

og sine Skikkar og si Lov;

og kven skulde daa frelse?

For det lær aat sine gamle Skikkar og segjer:

me er ikkje Gjætarar.

Mose veks paa dei gamle Altar;
og Rev og Maard hev Hölur der,
og Øle og Orm bur millom Steinane.
Men Profetane fraa Filisterland og Edom
høyrer Folke paa;

og for deira Gudar vigjer det Altar og Lundar,

og ber Offer til deim;

og Mannen tek Ervesylv or Skaap,

og Kona dreg Fingergull av Hand,

og alt ber dei saman til dei framande,

at dei kann faa vera med hjaa deim,

og sitja til Bords i deira Gilde.

Dette saag eg; og eg sagde:
sandeleg, Herrens Domar kjem;
og kven vil daa frelse dette Folke
som eg elskar?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0375.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free