- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
368

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

368

KVÆDE

Mi Sjæl grét.

Og hjartetyngd kvad eg:

Reis deg, Herre, i ditt Velde!

Send din Eld og brenn ut

alt det rotne i Folke ditt;

og send dine Toresteinar,

og opna Himil-Slusune,

at ein ny Flaum kann koma

og taka det vonde burt;

men um det er berre eg og mitt Hus

som enno trur ditt Ord,

so frels meg og mitt Hus,

og reis deg sidan av meg eit nytt Folk,

som du reiste Israel av Jakobs Lendar!

Men Herrens Ord kom til Profeten;

og Herren sagde:

gakk upp til dit Hus,

til dine Sønir og dine Kvende!

Og Asram reis upp og gjekk til sitt Hus.

Men daa han saag Huse,

og Lunden ovanum,

daa var Kvendi hans der

og Sønine;

og dei hadde reist eit Altar;
og dei ofra paa Altare,
og dansa og heldt Gjestebod;
og daa han kom nære inntil,
høyrde han at dei song
og ropa med framande Ord
til framande Gudar.

Og dei var prydde med kanaanitisk Stas,
og hadde fengi Prestar og Dansarar
fraa Tyrus og fraa Sidon.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0376.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free