- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
370

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

370

KVÆDE

Og han laag paa Jordi og var sjuk;
og Lemine hans røyvde seg ikkje.

Daa kom Herrens Ord til Profeten;
og Herren sagde :
statt upp, Asram.
Og Asram stod upp.

Men Herren sagde:

fall ned, Asram;

fall ned for Herren!

Og Profeten fall paa sine Kne;

og han var rædd og skalv, som av Frost.

Men han sagde: din Tenar høyrer.

Og Herren tala;

og Ordi hans var linne som ein linn Sus.
So sagde Herren:

høyr og ver sterk, min Tenar Asram!

Myrkre er yvi deg,

og du er sjuk av Harm;

og av di du elskar eit dømt Folk

maa du døy;

men di Sjæl skal liva;

for dette Folke som du elskar

er ditt Folk.

Men syrg ikkje yvi det!

Det vil ikkje liva;

sjølv hev det dømt seg,

som fordom Israel.

Det skal laupe etter framande

og ikkje eige Heim;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0378.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free