- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
371

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

371

eg driv det ut

og spreider det yvi Jordi,

at det skal flakke um her og der

og træle for sine Brørar;

og kvar det kjem vert det upp-eti;

og det renn burt, og kverv;

og ingin veit kvar der vert av det.

Og framande Føtar

skal traakke Gravine aat eit utrugi Folk,

og eit framandt Maal

skal døyve Minne um det.

Og Beini deira morknar i Gløymsle;

og det er ingin som veit kvar dei ligg.

Men eit nytt Folk veks fram
som du ikkje kjenner;

det skal gjera min Vilje og høyre mine Ord;
og det skal ikkje bu her eller der,
men eige Jordi,
endaa det ikkje eig ho.

Av alle Folk hev eg valt det ut.
Desse er dei som er Brørar,
og elskar kvarandre og dyrkar meg;
og Urett hatar dei av Hjarta.
Som Tre ved Bekk skal dei grønke,
og bera Frukt

til Hugnad for alle som bur paa Jordi.

Men du, min Tenar Asram,

som elska ditt Folk og døydde i di Sorg,

di Sjæl manar eg inn i Syrgjepilen

som heng yvi Gravine;

og alle Fløytur som græt i Skogen,

og Sévi som susar i einsame Vikir og Votn

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0379.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free