- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
373

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

373

Difor er Skulen lang;

for Vonbröti er mange;

og nye er dei for kvar som røyner deim.

Du fekk ikkje det du vilde.

Eller du fekk det,

og det var ikkje det du vilde.

Eller det var det du vilde,

og du misste det.

Dine store Verk var lite tess.

Det du meinte best

vart til det verste tydt.

Det du sette di Von til

vart Fall for deg og Tap.

Det du venta deg mest av

vart Steinar i Vegen din

og graae Haar paa ditt Hovud.

Og alt slikt som ein høyrer jamt,

men berre i denne Skulen fær Tak paa.

Eg gjekk for 111 Røynd.
Og eg lærde og lærde.
Og di meir eg lærde,
di mindre visste eg.
Underlegt er det

aa koma paa hi Sida Synkvervingi,
og sjaa at alt er annarleis,
og noko reint anna;

og kvar Gong segjer du: Live er Lygn.

Meir og meir upp-raadd stend du der

og ser paa denne himilblaae Verdi

som ser so ærleg ut;

og sistpaa skynar du at du inkje skynar.

Men utlærd er du ikkje,

fyrr du ser Sanning gjenom Lygni

og Meining opne seg som eit klokt Auga

paa Botnen av Meiningsløysa;

og det varer lengi fyrr du kjem so langt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0381.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free