- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
374

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

374

KVÆDE

Ein Dag stod eg raadlaus og uppgjevin

og saag meg tilbake;

og den Dagen var det visst

at Haare mitt vart graatt.

For Rædsla tok meg,

og heldt meg lengi.

Eg saag, og laut tilstaa for meg sjølv:

sandeleg, du er gamall vortin.

Og Livi ditt er ulivt.

Kvar i Verdi hev du gjort av det?

Eg laut slaa meg til Ro
som eg kunde best.
Og eg trøysta meg
som so mange.

Men d e t er Manns Trøyst,

naar han hev fari villt,

og tulla seg burt,

og vaknar upp-raadd og i Pina:

eg vil vitne for mine Brørar, segjer han,

mine unge Brørar,

at ikkje dei au skal koma til denne Pine Stad;
daa hev eg endaa ikkje livt til inkjes;
ja dette var vel Meiningi med Live mitt:
at 111 Røynd

skulde gjera meg til Lærar for andre
og til ein Vegvisar.

Og eg vitna for mine Brørar,

dei unge som enno stod frie :

ver kloke! sagde eg;

tru ikkje Live!

Det er ei Synkverving;

det gjev seg ut for alt som det ikkje er.

Det me flyg galne etter er Daarskap,

Vette-Ljos som lokkar oss ut paa Myri;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0382.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free