- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VI. Ein Fritenkjar. Forteljingar. Kvæde /
375

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KVÆDE

375

og naar me ligg der og søkk
og ikkje kann vinne oss upp,
so glid dei fraa oss og flirer.

Daa lo dei unge.

Og dei blunka til kvarandre og sagde:
desse gamle, stakkar,

kva veit dei um Live som hev gløymt det?

Dette vart au ein Skuletime.
Den stridaste:
mi siste Von var broti.
Men no forstod eg alt.

Ung kann ikkje lære av gamall.

Kunde han det vart han gamall sjølv

og vaaga seg ikkje paa Live;

men berre den som vaagar kann vinne.

Difor er det lagt Mein millom gamall og ung,

at dei ikkje skal skyna kvarandre.

Kvar sitt Maal talar dei

som stend paa kvar si Side av Gaata,

den kvar for seg maa løyse

med Livs Faare og Von.

Og ikkje du men eg, sagde 111 Røynd,

er sett til aa vera Lærar for dei unge;

du skal vera nøgd naar du kjenner

at du kann vera Lærar for deg sjølv.

Eg tagna.

Ei stor Modløyse lagde seg yvi meg;

men der var Ro i Modløysa.

Nye Tankar kom,

meir stille enn dei gamle.

Det er det vel det gjeld um:

lære aa vera Lærar for seg sjølv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:32 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/6-1909/0383.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free