Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Det kjennest paa mjuke Kattesnute
baade varmt og kaldt;
d’er ikkje inne og ikkje ute,
men tekt yvi alt?»
«Og ikkje inne og ikkje ute,
baade varmt og kaldt,
det er i Glase den klaare Rute
med Tak yvi alt.»
«Rundt som eit Egg og langande langt
som ein Kyrkjeveg?»
«Garn-Nyste er baade rundt og langt,
kann eg segja deg.»
«Fire heng og fire gjeng,
naar Lauve det spretter;
tvo stend i Sky; tvo finn Vegen til By,
og ein diltar etter?»
«Kui med Jure paa fire gjeng,
naar Lauve det spretter;
Horn stend i Sky; Augo ser imot By;
men Rova sleng etter.»
«Brunt i Roti det lær til deg,
men kvitt uppi Toppen;
under eit Aaklæd’ det spélar seg,
og gjer godt i Kroppen?»
«Ny-Øle æser og brunt seg dreg,
med Skumhatt paa Toppen;
i aaklæd-tekt Kjer so spélar det seg
og gjer godt i Kroppen.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>