Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
«Um vinteren veks eit underlegt Tre,
men minkar um Vaaren;
Roti snur upp og Toppen ned,
og smal er han skorin.»
«Jokulen er dette Vinter-Tre,
som minkar um Vaaren;
han heng under Take med Toppen ned,
og smal er han skorin.»
«Vaar Herre fær det visst ikkje sjaa,
men me ser det kvar Dag?»
«Sin Jamlike er det han ei fær sjaa,
men som me ser kvar Dag.»
«Rotlaus veks det av lange Røtar.
Um dagen det skrid
paa tvo, men til Morgons paa fire Føtar,
um Kvelden paa tri?»
«Mannen veks rotlaus av mange Røtar
fraa Adam av.
Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føtar,
men sist med Stav.»
Veslemøy synsk.
Gamlemor ventar.
I mjuke Köle-Ljose
ved Omnen glødd og varm
ho Gamlemor snur paa Rokken sin
og tøygjer den magre Arm.
23
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>