Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Men styggedans ville
stoggar braadlegt;
Ord stig
inn-argt, utöllegt.
HelfHerren.
Volve du vise, høyr og seg kva Tidi mun lide;
lengi eg sat; og hardt meg Lengting sliter i Hugen.
Seg meg umTidi er nær; um han gjel snart, den sortbrune Ha
varslande Striden, daa han som hev Rome mitt teki skal fal
Ende-lause skrid i roleg Gang gjenom Verdi,
seint som Uksar for Plog, dei seige graae Aartusund,
eitt for eitt. Eg mæler og tel og reknar og gløymer;
ventar Stundi med tol-laust Mod og æveleg ventar;
aldri mi Tid kjem.
Sant nok; eg raader og rikjer
yvi den vide Jord. Eg er denne Heimsens Fyrste.
Meg med dei mange Namn og mange Hamar som daarar
kvar etter Hug og Smak og Vit, meg tenar dei trottugt,
Storf jølden all, i Borg, paa Børs, i Læger og Kyrkje.
Futar eg hav i Mengd og Tenarar all Stad paa Jordi,
Fyrstar og førande Menn, Riksstellarar, Tenkjarar, Skaldy
Prestar og fyrst og fremst min beste Lokkemat Kvinna.
Men kva nyttar det alt. Eit framandt Velde hev lagt seg
tungt yvi meg og mitt. Sjølv sit i Nivlheim eg bundin,
slitin i Uro og heit Harm; og dei som meg tenar,
hughalve gjer dei det, og rædde og uglade oftast,
elte av Samvits Agg og Angest som løynleg gneg deim.
Trygt dei ikkje meg trur. Det andre Velde deim skræmer,
tyngjer til Slutt deim ned og øyder all deira Vinning.
Aldri Tenaren min fær hugheilt Løni si njote;
rædd han fæler ei Magt, som lurer og fraa honom lempar
meir til sist enn han vann.
278
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>