Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1. For seint ute.
DET var Victor Hugo som var Skuld i det fraa
fyrst av.
Han døydde aatte Dagar for seint; og eg m a a 11 e sjaa
Likferdi. Det vart drjugt aa liggje so lengi her i
Paris; men eg tenkte som eg plar tenkje: det jamnar
seg vel, og gjorde som eg plar gjera: lét det skure.
Likferdi saag eg, og den var stor; ingin Konge hev
fengi Maken. Og dette var berre ein Skald. Men
Franskmennane meinte som so: Mannen hev gjort
Lande Ære og skal daa au hava Ære av Lande;
dermed tok dei og sette han i Pantheon.
— Same Kvelden som dette var fraa-seg-gjort skulde
eg i Veg. Det hasta no; heime hadde eg baade eitt
og anna ugjort. Pengane minka det au med. Det
var elles ikkje faarlegt; kneip det so kunde eg, etter
skriftleg Avtale med ein Kjenning der heime, faa eit
Par hundra Kronur sende til Antverpen.
Men aa bli ferdug med Paris er ikkje lett. Og eg
for min Part vart ikkje ferdug. Det vilde turvast
endaa ein halv Dags Tid; i Morgo med 3-Toge fekk
eg fara.
Eg sov godt ut um Morgonen; hadde Tid nok. Det
var ikkje mykje eg hadde aa gjera, og at det var
lengi til Kl. 3, det visste eg heimanfraa. Like eins
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>