Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
4
FERDABREV
hadde eg i meg heimanfraa, at naar eg tok
Vognmann, so skulde eg snart vera paa Stasjonen.
Men i Paris er Timane stutte og Vegane lange.
Daa eg var ferdug med mine Smaaærend var Klokka
burtimot halv tvo. Og no viste det seg at der enno
var eitt og anna aa pakke ned; eg hev det i det heile
so, at eg aldri vert ferdug fyrr i seinste Lage.
Daa eg endeleg heit og forkava stod ned-i Porten
med Kufferten og Overfrakken i den eine Neven og
Regnhatten i den andre, fullt ferdug, alt greidt, tok
det til aa gry for meg, at det er lenger millom Avenue
des Ternes og Nordbanen i Paris enn det er millom
Vollgata og Austbanen i Kristiania. Daa eg hadde
fengi den Tanken klaar for meg, kann du tru eg kom
i Veg. Ned paa Plassen etter Vogn som eg var
kasta. Der stod ei. Berre ei; men det var nok.
„Til Nordbanen!" Kusken riste paa Hovude; han var
ikkje ledig. Berre ei einaste Vogn aa sjaa, og den
var utleigd; merci!
Med Anden i Halsen og Augo i Haargarden
arbeidde eg meg upp yvi Gata i den heite
Ettermiddags-soli; det maatte daa vera Vogn aa faa! Ja; det kom
Vogn etter Vogn. Men alle var dei utleigde. I den
eine sat det ein Mosjø og las i Figaro, i den andre ei
Madame og viste fram sin nye Hatt; gjev dei var paa
Bloksberg! Eg arbeidde meg fram, sveitande som ein
Ploghest; vond var eg; trøytt var eg; og Klokka!
Der stend ei Vogn. Cocher! Gare du Nord, s’il Vous
plait! Eg uppi. Non, non, skreik han, je suis gardé!
ikkje han heller var ledig. Kvi stend du her daa, din
Smørtjuv, tenkte eg og baska meg ut paa Gata att;
kor skulde dette gaa? Soli steikte som ho vilde
brenne meg upp, og alle Vegar var endelause. Og
Klokka! Klokka! Eg gjekk og glodde etter Vogn
som eg vilde glo Hol paa Husveggine. Men raadlaust
var det og raadlaust vart det, alt til dess eg kom upp
til Triuinfporten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>