- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
10

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10

FERDABREV

So lengi gjekk eg og saag paa desse norske
Ut-stellings-skaap („Montrer"), til dess eg vart heilt-upp
tungpustin. Dei var so laage! laage og tunge og
ned-klembde og klumpne; der var ikkje Reisning i deim!
Det var som naar ein kjem til Kristiania fraa ein
utanlandsk By; det vantar ei Høgd paa Husi! Dei stend
so krukne og modlause; vaagar ikkje aa rette Rygg;
ein fær slik Hüg til aa lyfte paa deim, keike deim upp.
Det ser ut som Tanken hev vori aa byggje deim
store; men so, naar Byggmeistaren kom til tridje eller
fjorde Høgdi, so var der ikkje meir Pengar, og so
laut han leggje Tak paa halvferdugt Hus. So paa Lag
var det med desse Skaapi. Dei stod og krukte og
gjorde seg smaae; vaaga ikkje aa rette Rygg; sterke
var dei so dei kunde staa seg for ei Kanonkule; men
halde seg frie og rake kunde dei ikkje. Det var som
dei ikkje rett visste um dei torde vera her millom so
mange fine Skaap fraa dei store Landi. Eg gjekk ut
meir bringeklembd enn eg kom inn. Langt fram, langt
fram, sagde eg for meg sjølv; gamle Norig er stort;
men Kulturen vaar, den er litin.

Det var ikkje herdande lenger i Bygningen; eg laut
ut og faa meg noko med Is i. Men fyrst gjekk eg
innum ein Tyrk og kaupte meg eit
Cigarett-Munn-stykke; det skulde vera liksom til eit Minne. Og enno
hev eg ikkje kasta det burt. Det er fint; Munnspissen
av (falskt) Rav, Resten av forgyllt Metal med mykje
Krot paa; under heng eit lite forgyllt Lekkje og ein
Halvmaane. Som eg var ferdug med denne Handelen,
kom det drivande ein katolsk Prest. No gjeld det!
tenkte Tyrken; han drog fram or Skaape sitt eit stort
Krucifiks og vilde hava Presten til aa kaupe. Det var
gilde Greidur: Krossen av svart, polera Tre, og
Kristus-bilæte av Filsbein. No skal du sjaa, tenkte eg, her
fær me stort Tolerancetablaa; ein kristin Prest som

Filsbein: „Elfenben".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0018.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free