- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
9

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

9 FERDABREV



Dagen etter tok eg Industri-Deildi. Det var like
varmt eller endaa verre; ein maatte søkje Skuggen,
vilde ein ikkje braane reint burt. Inne i Utstellingi
var der som i eit Govbad.

Eg gjekk gjenom mange Land fyrr eg fann Norvége.
Det var Norig og Sverig og Danmark i eit Rom, berre
skilde fraa kvarandre med smale Gangar og Flagg;
Norig var fremst. Lite klemd um Bringa var eg daa
eg gjekk inn: kva kunde vel vesle Norig hava aa vise
fram paa slikt eit Storheimsstemne?

Jau; me hadde Brennevin. Ingi Naud med Norig
so lengi det hev Brennevin! Og so 01. Brennevin
og 01. Skaap etter Skaap med Flaskur; og so
sjølvsagt han Guten med Toppluva, han som sit og rid paa
eit Anker og hev ein Dunk under kvar Arm; han hev
visst vori paa alle dei Utstellingar som nokon veit aa
nemne. Av Tre er han utskorin og som ein Tremann
ser han ut. Dei maa liva lystigt like vel der upp-i
det Islande Norig, tenkjer vel Utlendingen, naar han
ser alle desse Skaap og Reisverk fulle av svarte tunge
Flaskur med underlege Merkesetlar i kalde Fargar og
utstasa med rare Figurar og Krot.

Men me hadde andre Ting. Me hadde Hestskosaum.
Den var ikkje ille. Og me hadde Tremasse, Tremasse
paa Flaskur; saag fælt rar ut. Karjolar veit eg ikkje
um eg saag. Men eg saag Smedarbeid som ikkje var
verst. Det kom burt naar ein likna det ihop med
Smedarbeid fraa Belgia, England, Amerika; men det
lét seg daa sjaa paa. So var det steilt ut hyvla Bord;
dei lukta so friskt og godt av Furu. Og Pelsverk!
Det saag noko armt og glanslaust ut mot t. D. det
russiske; me kann vel ikkje laga det so fint til. Men det
maa me kunna lære. Nei! at me ikkje sender eit par
hundrad av dei beste Arbeidskarane vaare til kvar
einaste slikt Storsjaa, so dei kunde faa ei Vitring um
kor mykje me hev att aa lære av alle Slag! Det er
for Folk som oss at slike Sjaa skulde gjera mest Nytte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free