Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21 FERDABREV
Folk som . . . Folk som . . . naah; det var noko som
eg sjelf maatte pegripe.
Men det pegreip eg ikkje. Hm ! trudde den
Tryntyrken at eg hadde reist fraa Kristiania til Paris og
fraa Paris til Antverpen og fraa Antverpen til Leiden
og fraa Leiden til Amsterdam, berre for aa snyte
„Svenska och norska Konsulatet" for 100
Riksmark?
Eg skalv av Sinne. Eg fekk knapt Ord for meg.
Eg sagde noko um, at eg — eg hadde daa ein Baas
i Staten; eg var daa ikkje nokon rein Rekefant heller;
men kor sinna eg vart, og kva Titel eg gav meg, so
nytta det like mykje.
Konsulate hadde tapt Pengar i tusundvis, sagde den
bleike; det hadde tapt Pengar paa Folk som . . .
Folk som ein skulde tru betre um. Dei beste Folk
mang ein Gong; Folk med dei beste Forpinteiser.
Naar ein Mand var ute og reiste, fekk han stelle seg
so, at —
Ja men eg kunde daa for svarte — noksagt —
ikkje hjelpe, at Baatane her i Amsterdam gjekk ein
Dag fyri Tidi?
Nei; men eg kunde agte mi eigi Tid. Soleis var
det: Folk lagde seg til i Utlande so lengi til dei
ikkje hadde meir Pengar; og so kom dei til
Konsulate ; so skulde Konsulate greide det for deim. Eg
kunde reist heim daa eg saag at Pengane tok til aa
minke; so hadde eg ikkje komi i denne Gnipe, —
moralisera Konsulen.
Eg meinte paa at eg hadde lagt min Ferdaplan so,
at hadde den Fillebaaten her i Amsterdam gjengi som
ein annan skikkeleg Baat etter Ruta, so hadde ikkje
eg stadi her. Og naar ein Mann paa slik Vis kom i
Beit, og han ingin annan Utveg hadde, og han so
gjekk til Konsulen og lagde fram Brevskapar som
viste, at han var ein skikkeleg Mann og ein Mann
som var god for so mange Pengar som han hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>