Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20
FERDABREV
Naar ein reiste i Utlande, sa han, so skulde ein
stelle seg so at ein ikkje kom i Knipe.
Og han greidde ut, og gav mange gode Grunnar
for, at naar ein Mann reiste i Utlande, so fekk han
reise paa sin eigin Kostnad og ikkje paa Kostnad av
Konsulate.
Eg stod og glodde. Var Mannen ein Skjemtegauk?
Men det saag han meg ikkje ut til. Han stod og
tok uppatt og uppatt sine Visdoms Ord med veksande
Aal vor; vart sistpaa so ihuga at han tok til aa brjote
paa Tysk. Han hadde nok vori lengi heimanfraa.
Kvar Mann kunde koma her og segja: hjai er i
Gnipe; hjai maa hafe Penger; men det var noko som
ikkje kom Konsulate ved. Konsulate hadde havt nok
av slike Folk. Her kom den eine og her kom den
andre; her kom Folk i store Masser; ok alle vilde
hafe Penger; ok alle var de i sodan Gnipe; men
dersom eg trudde, at Konsulate hadde noko med aa skaffe
Pengar til Folk som . . . Folk som . . . som ikkje
kunde greide sine Reiseutgiftir sjølve, so tok eg storleg
i Miss.
Han stirde paa meg med smaae Augo som stakk;
og eg kunde sjaa at han tottest hava tala framifraa.
Det var ikkje mi Meining.
Eg sagde at eg ikkje vilde hava Pengar av
Konsulate. Eg vilde laane Pengar; og dei skulde Konsulate
faa att, so snart eg kom til Kristiania.
Den svartklædde drog paa Aksli.
Kjah! Det sagde alle. Alle kom her og vilde
„laane"; Konsulate skulde faa att Pengane sine um
aatte Dagar; og so raiste dei; og Konsulate saag aldri
meir korkje deim eller Pengane. Konsulate hadde
havt nok av slike Folk. Konsulate hadde tapt so
mykje Pengar paa slike Folk at det ikkje kunde tapa
meir. Han hadde ikkje noko Mistru til meg serskilt.
Men eg fekk greide meg sjølv. Konsulate var ingin
Bank; Konsulate kunde ikkje hava noko aa gjera med
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>