- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
24

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

FERDABREV

upp; og daa skulde eg faa so mykje Pengar som
Ordren lydde paa, um det so var 1 000 Riksmark.

So lét eg meg narre. Eg kunde vaage mest kva
det var for aa sleppe aa piaage Svenska och
norska Konsulatet, som var so paa Live for at
det skulde tapa 100 Riksmark paa ein norsk
Statsrevisor.

-— Kjenningen min i Kristiania fekk Telegrame
langt ut paa Laurdags Ettermiddagen. Daa var det
for seint; alle Bankar var stengde.

So vart det aa liggje yvi til um Maandagen. Eg
hadde funni ut, at eg heller vilde gaa i Kanalen enn
eg vilde beda Svenska och norska Konsulatet

um 100 Riksmark endaa ein Gong.

*



Eg dreiv det meste av Sundagen i Dyrehagen. Der
er Dyr og Fuglar av alle Slag, mest som i Noas Ark;
dei eg saag mest paa var dei store Rovdyri av
Katte-slage. Der var Løvur med smaae Ungar som laag og
gnog paa store Kjøtbein og var blide og snilde som
Kvelpar; ein Gong imillom var dei burte og strauk
seg kjælande uppetter Mor si; dei var glade i henne,
saag det ut til. Og ho laag paa Vakt for deim; samla
det seg altfor mykje Folk utanfor Bure, so vart ho
vond og reis upp og bura. Ho meinte dei stakkars
søte Smaaingane maatte hava Lov til aa eta sin Mat
i Fred.

Og so Tigrane. Store, men fine; kattefine,
katte-mjuke; skræmelege. Løva er veldig. Men du vert
meir grunnskaka av Rædsle naar du ser Tigeren,
elegant som han er, med Augo som grøn Eld, so ville
at du kjenner Vanvite renne deg gjenom Blode naar
du stirer inn i deim.

Apekattane sat eg lengi og glodde paa; dei er so
løglege og lette og fantevorne; det mest uvederheftige

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free