Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
27 FERDABREV
— Aldri hev eg lengta so saart etter aa naa ein By;
aldri hev eit Jarnvegstog gjengi so jammerleg seint;
aldri, aldri hev eg vori so glad daa eg naadde fram —
som denne Gongen. Eg sprang fraa Vogni beint paa
Posthuse; fekk mine Pengar; sende i same raude Rappe
dei laante Gylden attende til Amsterdam . . .
Hu! det kann stundom vera fælt aa vera Nordmann.
No hev eg ikkje Tid aa fortelja meir. Eg skal til
Fjells; um ein Time gjeng Toge; og eg hev enno ymis
Innpakking att; trøyste og betre meg, — eg kunde
koma til aa bli for seint ute!
2. Soveraadir.
(Fraa mi andre Paris-ferd.)
Dei hev det med Ridir her ned-i Paris.
I dei siste aatte Dagane hadde dei havt det med aa
slaa kvarandre ihel. Det var eit Mord til kvar Dag
og stundom vel so det; og alle Blad var fulle av Lik
og Blod og Knivar og Styggedom.
Franskmennane saag ut som dei ikkje brydde seg
stort um dette. Dei hadde det til Samtaleemne; dei
gjorde Skjemteord og laga aandfulle Bladstykke um det;
men elles stelte dei seg som dei plar gjera og saag
svært likeglade ut.
Men for ein framand som gjekk her og tusla aaleine
kunde det ikkje vera so greidt. Naar han høyrde og
las um drepne Folk og stolne Pengar fraa Morgon til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>