- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
26

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

FERDABREV

med Sporvogn eit Bli; gjekk eit Bil; tok ny Sporvogn;
gjekk endaa eit Stykke; endeleg var eg framme ... og
raaka Konsulen i Porten paa Vegen ut.

Det var ein fin, braakfri, hyggjeleg Mann; me gjekk
att og fram i Portrome hans og talast ved ei god Stund.

Eg viste fram Passe og Telegrame. Han kunde
inkje segja; Papiri saag ut til aa vera i Orden.

Men dersom eg kunde tenkje meg kor mange Pengar
Konsulate hadde tapt paa reisande Nordbuar!
Konsulen nemnde Tale; det var so stort at eg vaagar ikkje
aa herme det, — um eg skulde ha mishøyrt meg.
„Og De maa kje tru at det berre er Smaafolk som hev
narra oss," sa han; „nei; det er Folk i alle Stellingar;
De trudde meg ikkje um eg vilde nemne Namn. Eg
hev ingi Mistru til Dykk personleg; men De forstend
. . . med dei Røynslur som me hev, so er der kje
Raad; me hev vori nøydde til aa gjera oss til Prinsip
aa aldri laane. Vaare kjære Landsmennar der uppe
er framifraa Folk; men . . . meir sætande kunde dei
vera. Dei hev liksom ikkje den rette Kjensla av at
ein Lovnad bind sin Mann; dei tenkjer som so: kva
er eit hundra Kronur eller tvo for eit Konsulat? —
Eit Ord er eit Ord; men ikkje kvar Mann er ein
Mann."

— Snyteskafte hadde Rett, forstod eg. Eg gav upp
alt. Aa; det kann vera vondt stundom aa høyre til eit
Folk som ikke er heilt upp sætande.

Vonlaus og raadlaus tok eg til aa snakke um
Pante-laanaren; um Herr Konsulen kjende ein rimeleg
Pante-laanar i Amsterdam ... Eg hadde alltid ei Klokke;
ein Overfrakke; ein fin Handkuffert . . .

Eg trur kje Konsulen svara noko større paa dette.

Men um ei Stund vart det til det at eg kunde faa
laane so mykje som til Hotelle og Antverpenbilletten.
Eg fekk sende Pengane attende med Postanvisning fraa
Antverpen . . . „Takk, Herr Konsul!" Eg tok Pengane
og flaug. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free