Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
31 FERDABREV
Dagen etter fann eg nok at eg hadde teki Tingen
svært høgtidsamt. Herregud, det skulde vera ein rar
Tjuv som braut seg inn i eit lite Hotel som dette, der
det berre budde Kunstnarar og Bokmennar og anna
Fatikfolk, naar han hadde heile det rike Paris for seg,
og alle dei store Gjestegardane fulle av Engelskmennar,
Russar og andre Pengegrisir. Men lat gaa; ein
Revolver kunde alltid vera god aa hava; eg hadde lengi
ynskt meg eit slikt Vaapn; lat oss sjaa paa ein
Revolver naar det feil seg so. Um ikkje anna so kunde
det vera godt aa hava ein Pistol um ein skulde raake
paa ein av alle desse galne Hundane som rak ikring
paa Gata i Paris; etter Bladi aa døme maatte ein vera
budd paa aa møte ein galin Hund paa kvar Krossgate.
Eg var komin so seint upp at eg ikkje vil segja det,
so seint at det ikkje kunde nytte aa halde skikkeleg
Dugurd, déjeüner; eg fekk gaa burt paa Crémerie
Pont-Neuf og faa meg noko Chokolade med Brød; det kann
godt svara for Mat det, naar ein ikkje hev meir enn
ei Halv-Ykt aa bie.
Daa eg kom til Pont-Neuf, Nybrui, som elles er
sine gode 300 Aar gamall, fekk eg paa eit Plankeverk
sjaa eit stort Upslag med Lysing um ei ny Bok, Les
erreurs de la Guillotine, og ei Teikning som gav eit
Mord-Bilæte av dei aira fælaste.
Ein Slusk hev broti seg inn i eit Kammers og drepi
ei Dame som laag og sov der. Ein ser dei stygge
Knivsaari paa den kvite Bringa, og store Blodflekkir
nedetter Sengklædi, og paa Golve ein heil Dipill av
Blod. Ein Tenar er komin inn og vil hjelpe; men
Mordaren hev kasta seg yvi han; slengt han i Golve;
stukki ein Duk inn-i Munnen paa han so han ikkje
fær skrike; ligg no der med Kniven lyft; ein fæl
Kniv, blodut etter det fyrste Morde, lang og kvass
som ein Ljaa. Tenaren, stakkar, ligg og stirer med
Les erreurs d. I. G.: Mistakl aat Guillotinen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>