Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
32
FERDABREV
vitskræmde Augo paa Blodkniven, som i næste Sekund
vil staa ’n gjenom Bringa som ein kald Straale . . .
Eg stod ei Stund og saag paa denne Teikningi. So
sa eg til meg sjølv: du kauper Revolveren i Dag.
#
Daa eg hadde drukki Chokoladen gjekk eg upp til
mine tvo gode Kjenningar, Frøken Kielland og Frøken
Backer, som hadde lova aa hjelpe meg med ein
Klokkehandel ; dei var kjende paa Bon Marché.
Kann-hende dei daa med det same kunde hjelpe meg med
Revolveren. For paa Bon Marché skal all Ting vera
aa faa, like til Olafsordenar og Preikestolar.
Dei tvo Damune er Maalarar og hev Verkstaden sin
uppi Universitetsgata, rue de l’Université, „paa den are
Sia Elva". Der held dei til, og driv paa med
Kunst-maaling so det stend Ord av det.
Elles er dei snilde Folk, Ungkarar liksom eg; og
me kunde koma godt til Lags, dersom det ikkje var
det at dei alltid hev so mykje aa segja paa oss
Mannfolk. Helst Frøken Kielland; ho er den verste. Henne
liver eg i rein Krig med her nede. Ikkje for det:
dei kann hava Rett i sümt av det dei segjer; men
det er so harmelegt aa høyre det av Kvinnfolk, som
etter all god gamall Skikk skulde vera Mannen
under-gjevin og kalle ’n Herre, som me veit. Eg bit nok
ifraa meg det beste eg kann; men du veit korleis det
er med Kvinnfolki; ein kjem ingin Veg med deim. Men
so veit du eg finn alltid paa eitt og anna aa segja
paa deim att, so det kann paa ein Maate gaa upp
i upp.
Eg fann deim heime, og me gav oss i Veg ut paa
Klokkehandel.
Den gamle Klokka mi hadde stana. Ho hev vori
sjukleg eit Par-tri Aar, og hev i den Tidi havt mange
Grillur; no var Timen hennar komin; ho vilde ikkje
meir.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>