- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
38

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

FERDABREV

stanar, men set so heile si Kraft paa; inn aa kverke
meg fyrr eg gjer Staak; Laase brotnar; Stolen brytst
som han var av Pipeleir; so kjem Tjuven stupande,
vill, galin, rædd; eg sit i Sengi, iskald, stiv;
Revolveren i Handi; han rusar imot meg; smell! smell!! —

Han stansar. Tek seg for Bringa. Sig ende ned.
Blode sjoar og siler utyvi Golve.

Eg kveikjer Ljos og spring upp; skrevar i Veg yvi
Lik og Blod ut i Gangen, fælin og skræmd; bleike
Hovud kjem stikkande ut gjenom alle Dørir:
,,Qu’-est-ce que lå?"

„Un voleur," segjer eg. „f ai . . . je l’ai . . .
tué" . . .

— — Naah ! Og eg, som skulde telja.

Ein-tvo-tri, ein-tvo-tri, ein-tvo-tri — — — — —

— Det er Laasen han lirkar med, ein-tvo-tri; han
skjer, han sagar, ein-tvo-tri; gneg som ei Rotte,
ein-tvo-tri; no er Laasen laus, men Stolen stend i Vegen,
ein-tvo-tri; han legg seg paa Døri; fær so ein Arm
inn; trivlar etter Stolen; trivlar og grev —: „kven
der?" Han vert rædd; dreg Armen til seg; rømer ut
i Trappegangen og gøymer seg.

Eg upp; fær i Ljos; Revolveren i Handi; ut. Ser
meg vel um i alle Krokar og Kræar; kvar Nerve
spana; ferdug til aa gjeva Eld. Han er inginstad aa
sjaa. Men eg kann vente han fraa tvo Kantar. Eg set
Ljose fraa meg i Glaskarmen; tek til aa ringje med
Hotelklokka; Augo stirande; Revolveren ferdug. So
kjem han hoppande fraa ei Kraa, lurvin, gulbleik,
liv-rædd som eit Dyr; han vil slaa meg ned; han vil—.
Smell!

Han stansar. Han vinglar; han velt. Blodgøysen
stend; han gjev fraa seg ei fæl Stynjing.

Heile Hotelle kjem farande. Kva er tids?

qu’-est-ce que lå: kva er tids der? — Un voleur: ein
Tjuvr – Je l’ai tué■■ eg hev drepi’n.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free