Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
37 FERDABREV
inn, og han saag Revolveren liggje der, so var det
fullt so rimelegt at han tok Revolveren og skaut meg
som at eg fekk Tak paa Revolveren og skaut honom.
Eg grüna paa dette eit Bil, fann sistpaa ut, at det
einaste eg kunde gjera var aa hava Revolveren hjaa
meg i Sengi.
Under Hovudgjerdi einkvar Stad.
Eg freista meg fram og fann at det lét seg gjera.
Og eg lagde Revolveren under Høgjende; sløkte so
Ljose og lagde meg.
Men Freden kom ikkje. Um no Revolveren skulde
finne paa aa gaa av like under Øyro paa meg? Det
vart ingin rolig Svevn.
Eg lika meg ikkje. Fekk vel leggje Pistolen
fram-paa Kufferten att.
Aa ja. Vakna eg ikkje naar Tjuven braut seg inn,
so var eg seld um so Kote var fullt av Pistolar. Eg
lagde Revolveren fram paa Kuffertloke att.
No galdt det berre aa faa sova daa.
Ein, tvo, tri . . . skulde eg freiste den Raadi
likevel? Det kunde koma til aa turvast kannhende.
Eg hadde drukki 01 som ein Tysker, men var reint
orvak like godt, vak som ein Hane paa Morgenkvisten.
Ein kunde freiste. Berre tvinge seg og halde paa.
Halde paa um all Verdsens Tankar kom. Naar ein
berre heldt paa til ein somna, so —
Eg lét att Augo og gav meg til aa telja.
Ein-tvo-tri, ein-tvo-tri, ein-tvo-tri, ein-tvo-tri–
— So kjem han luskande, ein-tvo-tri, upp dei myrke
Troppine, ein-tvo-tri; han stiltrar seg hit til Døri,
ein-tvo-tri; gjev seg til aa lirke og lirke, ein-tvo-tri, med
Laasen, ein-tvo-tri; set Ryggen imot; no klember han
paa, klember paa; stilt, men fast; Døri gjev seg, Laase
gjev seg; „qui vive.’/" — Han høyrer det; skvett;
qui vive: kven er det?
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>