- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
40

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

FERDABREV

midt i Bringa; skrik stygt; ramlar i Koll; ligg og vrid
seg og sparkar i den siste Ridi, midt upp-i sitt eigi
Blod.

Bleike Andlit ut av Dørir og upp Troppir: kva er
det? kva er det?

Der stend eg. Bleik og heroisk; i Ullskjorte og
Ull-brøkar etter Jagers System.

„Uri voleur. Je l’ai tué."

Eg viser fram Revolveren som dryp av Blod. Tull.
Hadde det vori ein Kniv . . .

Det viser seg, at han som Tjuven vilde inn til er
ein dansk Mann. Naa; so kann eg daa forklaare meg.
Eg fortel alt. Me ser paa Døri hans; ein kann sjaa
at Tjuven hev vori aat med Laase. Dansken vert
bleik. So tek han meg i Handi og takkar meg; han
hev Taarur i Augo. „Hadde igge Di væreth, saa
vilde altsaa jaih ... i dette hellie Aajebligg" . . .

Eg dreg paa Aksli. „Jeg har kun gjort min Pligt."

Kløkte held me kvarandre i Hendane. Fraa denne
Stundi er me Venir for Livetidi.

Vaktmannen kjem. Dansken talar godt Franskt; eg
fær honom til aa fortelja det heile. Det vert sendt
Bod etter Politi. Me maa paa Stasjonen alle.

Eg riv paa meg nokre Klæde, so eg kann møte for
Retten i ein noko mindre heroisk Bunad enn den eg
var i daa eg gjorde Verke. Revolveren tek eg med
meg, so biodut som han er . . . Tull.

Men daa eg kjem ut, og alt skulde vera yvi, og eg
ser Gendarmane hale av Stad med det lange stive
Like i dei halvmyrke Gatune, daa tek Rædsla meg.
Eg tek til aa skjelve. Eg vert so veik, at daa me
kjem til Stasjonen . . .

–Aahü

Ei ni tvo! tri! ein! tvo! tri! ein, tvo, tri,
ein-tvo-tri–-

— Nei; det var faafengt.

Som eg der laag var eg so nerveveik at det bivra

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free