Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
41 FERDABREV
i meg. Det verkte i Hovude; og Augo var heite og
turre som i Feber, utan Svevns Von.
Klokka i Notre-Dame slog; seine, rolege Slag; eg
torde kje telja etter. Ho slog so mange Slag at det
kunde kje hange rett ihop: eg freista aa faa meg til
aa tru at det var fleire Taarn-Ur som slog, det eine
etter det andre.
Gong paa Gong vakna denne halvgalne Draumen
um at Tjuven kom, og at eg skaut han ihel med
mannelegt Mod; raaka midt i Hjarta. Og kvar Gong
Draumen kom, tok han meg med seg so heilt og
hjelpelaust som naar Havbaara ved Strandi leikar med
ein Kork.
Hovude verkte verre og verre. Og det urde og
glødde i kvar Nervetaag, so eg kunde kje liggje still.
Sistpaa vart eg rædd den Revolveren som laag der
framfor Sengi so ladd og god, med seks Manns Bane i Live.
Ein skulde kje hava slikt eit Vaapn so like for
Hand, naar ein laag i lange Nætar og ikkje fekk sova.
Der var noko som heitte momentant Vanvit. Ein
vart tankevill; misste Magti yvi seg sjølv; Handi lydde
det lausaste Hugskot; ein vilde det ikkje, visste det
ikkje, men den vesle fine Pistolpipa vart av ei
styrelaus Hand førd inn millom Tennane, og so —
Eg velte meg i Sengi og skaut Tanken fraa meg.
Men han kom att. Mot sin Vilje, mot sin Vilje
kunde ein gjera det; ein kunde liggje og vita at ein
ikkje vilde, men gjera det like godt. Det var baade
fælt og løglegt aa tenkje paa; eg kjende Tanken ned i
Fingrane som ei halvrædd Kribling.
Herregud ; soleis kunde ein liggje og gjera Narr av
seg sjølv. Det var noko Tull, dette. Eg strekte meg
heilt ut og jaga Tanken fraa meg endaa ein Gong.
— Det er det siste eg hugsar.
Eg hev vori so trøytt daa at eg ikkje orka meir.
I næste Sekunden hev Svevnen komi, braadt og hardt
som eit Svimeslag.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>