Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
42
FERDABREV
Og den Tjuven som daa hadde vori ute, han kunde
ha broti inn gjenom Dør eller Vegg og stoli alt han
vilde: dei Pengane eg hadde, den Kufferten Pengane
laag i, det Skaape Kufferten stod i, og Borde med
Manuskript, og Kolsekken, og Omnen, og Fotfelden,
og Sengi, og meg sjølv, og Revolveren, og alt det som
var og fanst; eg hadde kje rørt so mykje som ein
Veslefinger.
3. Helfesten.
München. April 1890.
Ein ljos By er München. Ein venleg By; ein By
til aa kvile i; ein Kunstby og ein Ølby. Skulde eg
nokon Gong i Verdi naa det største eg hev drøymt:
aa bli feit, so maatte det vera her; for her kunde eg
liva paa 01 og Kalvekjøt og Gemütlichkeit og vera
reint fri denne Skrivesjuken som elles elter meg
so ille.
Hyggjelege Gutar finn eg. Tyske Doctores so lærde
som Faust, men unge og studentglade; Kunstnarar som
kann tala um anna enn Kunst, og Diktarar som kann
tøme eit Maass og gløyme at dei er store.
Og so raakar eg Sosialdemokratar. Det er Folk
som eg vert glad i; for dei hev slik ei Tru. Dei trur
so dei fær meg au til aa tru, tru utan Tvil som er
det beste i Verdi. Eg vert slik ein Sosialdemokrat,
at Gud veit kor det skal gaa meg um eg kjem heim
til Kolbotnen att og raakar han fæle Anarkisten Ivar
Mortensson.
— „Tru utan Tvil" — naa, det er sterkt sagt.
Ender og daa kann eg kjenne min norske Tvilarhaatt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>