Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
45 FERDABREV
Maskerade. Alle Slags nette og lette Bunadar fraa
alle Tidir og alle Land; alle Slags Fargar, helst ljose,
men ikkje sterke; svart var der lite av. Det maatte
vera som eit Karneval eller slikt; naa ja visst; det
var Karnevale.
Eg raaka ein Mann; han var klædd som ein Riddar.
Han nikka til meg og sagde: „skal De døy?" — Eg
stirde paa han; han peika. „Det er upp der," sagde
han; „uppe i Kore. Her er god Tid."
Eg stirde paa Mannen: „døy?"
Han nikka. „Ja; dette er Helfesten."
Eg rusla i Veg att. Helfesten, naa? —
Ja det var visst au noko dei hadde her nedi Hellas.
Her forstend dei aa gjera Fest og Fegre av sjølve
Dauden ....
Nei sjaa der. Der stod Odin. Det var rart. —
Og Moses! Moses av Michelangelo. — Kven var det?
Honom kjende eg ikkje. Der var fleire eg ikkje
kjende; paa Fotstykke til ein av deim stod: fødd 1990
† 2078.
Naa; det er sant. Me er i det tridje Aartusund . . .
— Her var Høg-Kore. Forunderleg fager Kvelv.
Uendeleg høg; blaa som Himilen. Eit mjukt,
raud-gyllt Ljos fall inn; Gud veit kvar det kom fraa. Paa
Høgaltare stod . . . naa; det var Bakkus. Ikring
Bilæte ein Skog av Lauv og blømande Liv, Orangetre,
Palmur, veldige, rike Rosetre, ein Stim av Blomar eg
ikkje visste Namn paa; aa, her forstod dei aa liva!
I Halvkrins rundt paa baae Sidur av Høgaltare var
mindre Altar med andre Bilæte; framfor kvart Altar
stod det eit Marmorbord med Blomar og Ljos; rundt
alle Bord Stolar med kvitt Overheng, kransa med Lauv;
i kvar Stol sat ein Mann; og framfor kvar Mann stod
ei Sylvkrus.
Dei drakk, dei som sat ved Bordi, og tala saman,
men saag aalvorsame ut; det var vel eitkvart religiøst;
ei Kjærleiksmaaltid eller sovori.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>