- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
53

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

1. Ungkarsliv.

Fyrste Breve.

Garviksætri August 1885.

GODE „Fedraheim"!

Jau; her er betre aa vera.

Det vil du forstaa, som sjølv vantrivst i
Kristiania-lufti. Og du maa kje tru der er meir Moro i
Statsrevisjonen enn paa Fedraheimshybelen. Aa nei daa.
Skulde me tala um det, so er det vel faae Ting
som er so lite morosame som aa sitja i eit slikt
Kantor og sjaa paa kor lite Visdom Verdi vert styrd
med, som hin Statsmannen sa.

Ja du hugsar Kantore mitt i Stortingsbygningen? —
Nakne Murveggir; eit tungt gult Skaap; tvo tunge
gule Pultar; tri tunge gule Trestolar; ægte norskt
Arbeid altihop, Fjellmannsverk, grovt og sterkt, utan all
Freistnad paa Stil eller Stas; i den eine Kroken ein
høg svart Jarn-Omn; attmed den ei Vedkasse
ihop-spikra av Fjøl-Endar og yvismurd med brun Oker.
Høgt uppe i den eine Veggen tvo Vindaugo utan
Gardin; gjenom deim hev eg Utsyn til Christian
Friele.

Denne Mannen hev med sitt „Morgenblad" Bøie i
Øvre Vollgata, som du veit, millom Vaskekjeringar og
anna rart; og jamt naar eg kjem aat Vindauga og skal

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free