- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
54

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

54

KOLBOTNBREV

sjaa ut, so er det Framsida eller Baksida av Friele eg
fær Augo paa. Det er ikkje stort Umskifte, skulde eg
tru! Med Flossen i Nakken og ei liti Pakke under
Armen stabbar han i Veg paa sine Podagrabein idag
som igaar og imorgo som idag; han skjer Tenner til
alt og vert meg meir og meir til ei Ikjøting av sjølve
Kristiania. For kva er denne halvstore Smaabyen
anna enn slik ein stiv, sur Borgarmann som set Hatten
fanteflott atti Nakken og skjer Tennar til alt? Lat
meg ikkje klaga yvi trongt Utsyn fraa Kantorglase
mitt! Heile Kristiania er det eg ser, ein Gong
Framsida og ein Gong Baksida; meir kann ingin krevja,
naar han vil vera ein rimeleg Mann.

Men paa Pulten ligg „Statens Regnskaber" fraa
attan hundrad og den Tid: store, tunge Protokolar,
digre dumbegraae Papirpakkar skrivne med livlaus,
regelrett Kantorhand til 60 Øre Arke og fulle av Tal
og Departementsstil; eg vrid meg kvar Gong eg ser
deim. Og det er Christian Friele eg hev Utsyn til
her au.

Stiv, stram, med Flossen i Nakken og Brillur paa
Nasen stig han fram for meg gjenom Kantordumba
og Departementsstilen og gryler: Folket? Dette
saakaldte „Folket"? Det skal ha’ det paa den
Manér! Strips skal det ha! Strips! og en god, stærk
trang Trøie . . . dette saakaldte „Folket"!

Hugsar du her i Vinter, daa eg sat og stræva med
Rekneskapen yvi Østerdalsbana? — Eg var so sinna
at eg sistpaa skreiv ei Vedteikning som var god. Der
gjeng dei og narrar Stortinge til aa bevilge; lovar
Vegen for tie Millionar men brukar femtan; og naar
dei hev øydt upp desse femtan Millionane og noko til,
— so er dei endaa ikkje ferduge!

Etterpaa alt set dei Fragtine for Folk og Gods so
høgt, at Bøndane uppetter Lande ikkje kann bruka
han. Dei køyrer sitt Timber til Byen med Hest som
i gamle Dagar; og Jarnvegen skranglar tom baade upp

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free