Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 101
kjem ho kvit som ei Drive. Og Augo straalar som
Demantar, og Nakken reiser seg stolt; paa kvar Tuve
og Stein flyg ho upp og held Vakt; for her, i Skogen,
forstend ho at det er ho som hev Andsvare.
Ja; eg er kry no, Far; det er sant det. Tenk Gard
og Kjering og Bikkje og alt; Bikkja til aa smeikje
naar eg er blid, og Kjeringi til aa gryle paa naar eg
er grettin1 ; kva kann ein gamall Syndar og Bohéme
ynskje seg meir i denne Verdi ?
Det er berre ein Ting eg saknar, og det er ein
Hest. Ein iitin rund, ørende litin blakk Fjordhest. Ja
og so ei Ku eller tvo, so Kjeringi kunde hava Mjølk
til Huse; og eit Par Geitar kannhende; og Høns!
-og Sauir . . . Men ikkje Kaninar.
Naah! det vilde kje vera godt um ein var reint
ynskjelaus. Og den som ynskjer, han fær; kanskje
fær han ikkje nettupp det han ynskjer, men so fær
han noko anr.a, noko som han kannhende ikkje bryr
seg um . . . men det lyt vera det same.
Og no fær du berre liva so vel daa. — — — —-
Andre Breve.
Kolbotnen, Februar 1888.
— Det sleng eit Framandmenneskje paa Kolbotnen
au stundom, so me er ikkje so aaleine som du trur.
Det er Folk fraa Grannegardane eller fraa Bygdi som
ska! sjaa koss me hev det, og undrast paa at me kann
trivast her. So ser dei paa Hulda og segjer: „du var
1 Blvantsmerknad: „O, de Mænd! H."
(Setjaren.)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>