- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
100

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

100

KOLBOTNBREV

seg; og kann ho faa seg ’ti ein Fløytevaffel, eller eit
Stykke Rype med Saus, eller ein Kopp Kaffi med ein
Sukkerbit, so segjer ho kje Nei til det heller. Det
einaste ho ikkje bryr seg um er det som me lagar aat
henne: Vatsgraut; men kva skal ein segja? Eg er kje
noko sers glad i Vatsgraut eg heller.

Det er Meiningi at Sjapa skal vera liksom Vaktmann
her paa Garden; serleg skal ho verja oss mot Bjørn.
Ho er noko ung enno; men ho vert nok gamal; og ho
øver seg i sitt Kall baade tidleg og seint. Det heng
ein Sauefell utpaa Tune; den gøyr ho paa ei Rid rett
som det er; for han ser henne stygg ut, den Feiden.
Eit Grand rædd han er ho au; her i Dagmorgo hengde
eg Skinne inn i Stoga til Tining eit Bli; men daa
totte Sjapa det vart for utrygt her, og torde kje vera
inne. Men ho fær nok Mannskap til aa gaa paa
Bjørnen, skal me sjaa; det var visst ikkje stort Mod i
oss heller daa me var fjortan Vikur gamle.

Det er nok dei som ser med Tvil paa Sjapa, um
det heng rett ihop med Ætti og slikt. Mor hennar
kann ha vori lettlynd og haldi seg med andre enn ho
skulde, meiner han Ivar; og han Per, Bror hans,
Bergmannen, er vitskapleg og segjer at ho hev for
fint Skinn; og so er det Øyro som er for lange. Men
at ho er Finn vil du forstaa naar du ein Gong ser ho i
Snøfonni. Det er der ho er heime, liksom Fisken i
Vatne. Naar me er i Skogen paa Ski, innbundne i
Raggsokkar og Vettir og Finnsko og Sjal og Sjerv so
me mest sveittar i Snøglimen, — so kann du tru ho
er med! Ho ligg og velt kring Føtane vaare so me
kann lite koma fram; sit attanpaa Skii eller er i
Vegen framme; men ser ho ei Fonn so er ho kje
sein: hiver seg ut; dukkar under so ho kjem mest
burt; pustar og blæs; ror seg fram, bykser seg fram i
smaae, lystige Ekornhopp, so ein ser berre den digre
Baken dukkande upp og ned, skiftevis med den vesle
Nakken. Det er Bad for henne dette visst; uppatt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free