Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 103
„Kanskje det er kje paa so reint lang Tid heller?"
„Det er paa eit Aar. Eit Aar etter den Dagen me
vigdest, Kl. 12 Middag, maa me gaa kvar til sin Kant."
Ho Anne vert liksom noko uviss: „ja du veit eg
hev kje havt den Trui eg, endeleg; men dei segjer so
her upp-i."
„Aa ja," svarar ho Hulda; „du maa kje tru det er
so mykje klokare mangt av det dei segjer um desse
Ting lenger ned-i heller."
Noko med det gildaste er naar Gardsen kjem
ruslande ein Ettermiddag; med honom kann me svalle
um kva som helst. Og so hev me lært han spela
Whist; so sit me og spelar Kort og hev det koselegt
lange Stundir.
Og so er det no Savalguten som sleng her so
ender og Gong, veit du; men med honom er det
berre Gjøn og Jaal; og den han bryr seg mest um av
oss er Sjapa.
Meg gjer han Narr av alt det han kann. Eg er
ein Bakstrævar, segjer han, og ein Opportunist; han
hev vorti so ille radikal i det siste, denne Teologen.
Med Hulda røder han um sine Gjentesorgir. Kvar
Gong han kjem spyrr han henne paa Ære og Tru, um
ho ikkje meiner han bør gifte seg no snart; svarar ho
Nei, so segjer han jau; han vil gifte seg! — og svarar
ho Ja, so spyrr han: „veit du nokor som vil ha meg
daa?" Eller han kjem stikkande med eit Fotografi og
spyrr: „trur du eg skulde bele til henne?" — „Klem
paa," meiner ho Hulda. „Ja men trur du ho vil ha
meg daa?" — „Det vil ho visst." — „Ja men trur
du at eg vil ha henne daa?" — Det er ingin Veg
komande med Savalguten.
Sist han var her gjorde han Narr av meg for denne
galne Aumaferdi mi som du kanskje hev høyrt gjeti,
so no er det vel best eg fortel den Sogo sjølv. Elles
kunde Savalguten setja ho i Bladi paa si Vis, og med
det gjera meg til Narr for helle Nordre Østerdalen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>