Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
104
KOLBOTNBREV
Ja. Det var ein Dag for ei Tid sidan; ho Hulda
kjem og segjer: me er matlause. So er der kje anna
aa gjera: eg tek Skreppa paa Ryggen og Niste i
Skreppa og Raggsokkar utanpaa Styvlane og Ski paa
Føtane; labbar so i Veg med godt Mod, endaa det lid
heller langt ut paa Morgonen.
Det er Graa-Vér og mildt. Lufti er lett, so
Middags-bil klaarnar det vel upp; og uppkøyrd Sledeveg hev
eg nedgjenom, so eg kann ikkje koma paa Villstraa.
Berre halde meg til den største Vegen all Stad; so er
eg so trygg som eg hadde Los.
Eg stakar meg fram paa mine Ski; og det vert
mildare og mildare. Det klaarnar; Soli tek til aa
glitre i Snøfennane. Snart kjenner eg at Snøen klabbar
seg under Skli mine; og det vert tungt. Eg brukar
tvo Timar yvi Savalen.
Ei Stund til masar eg paa. Det vert tyngre og
tyngre. Himilen skyar seg yvi att. Naa, det er godt;
kjem Soli burt vert det likare Føre. — Her er ein
Veg, som tek av; det er daa berre aa halde seg til
den største. Snøen klabbar seg under Skli, so eg
mest ikkje kann koma fram. Klokka er eitt, og eg er
ikkje halvveges til Straumen enno; det gjeld aa drive
paa. — So! — Mi Sæl tek det kje til aa regne.
Jadaa! Midt paa Vinteren! Midt upp-i Dovrefjell!
Det ein minst skulde vente; og det verste av alt!
Skli stend reint fast. Det nyttar kje med Skii
lenger. Eg set dei fraa meg bortunder ei Toll; tek
so Skistaven i Neven og labbar i Veg paa mine
Raggsokkar.
—- — Til Pokkeren! kva er no det for Slag? Ein
Gard? Ein Gard som eg aldri hev sétt fyrr! — D’er
greidt. Eg er komin paa Villstraa. Nettupp i Dag,
daa eg hev so lite Tid . . . Skulde ha teki den minste
Veglaami lel der uppe. Naa; attende att daa; ingi
Tid aa sumle burt; eg snur og skundar meg uppyvi
att. Men um ei Stund gjev eg meg. Eg maa kunna
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>