Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV 1 116
Ei Stund etter er eg ute av Vegen paa nytt Lag.
Eg fylgjer mine Fotefar attende, men kann ikkje skilja
deim klaart; rett som det er hev eg misst deim. Naa;
pytt; Vegen maa vera her burte.
Eg gjeng heile Flata burt-yvi, men finn ingin Veg.
Heile Flata attende att; Vegen er som burtblaasin.
Fær freiste Snøfonni att daa. Ein kann det ein maa
kunna; godt at det er so stilt Ver. Det er visst upp
Skare i Nordvest eg skal; og so vinglar eg vel innpaa
Vegen att, naar eg kjem eit Stykke burti. Berre ikkje
rædd! Berre Hovude klaart ... og so ande
økonomisk ... eg greider det nok . . .
Um ei Stund gjeng Snøen meg til Mjødmine.
Aa nei; best aa finne Vegen med same. Det er
Upphald att, og ljosare liksom; og Vegen maa vera
her einkvar Stad; det veit eg. Gjeng attende att;
tvert-yvi den vide Flata ... pst! — stopp! — Jau;
dette maa vera Vegen. Kjenne seg vel fyri no; med
Skistaven og med Føtane; gaa smaatt; berre ikkje
haste . . .
Jøss; det gjeng som smurt! - enno hev eg Vegen.
No er eg ferdug med dette rare Vatne; no skal du
sjaa det vert greidare. Paa eit Vatn er det ikkje lett
aa kjenne seg fram; Snøen er ikkje so djup der; men
no —; berre eg kunde faa ein Stubb klaar Himil no;
berre ein litin Bite; so mykje som eit Ark Papir . . . .
Aa det kann vera sliks Slag. No kjenner eg meg
att; upp den vesle Bakken skal eg; og naar eg kjem
vel upp-yvi den, so hev eg Skli mine. Daa kann
eg gaa kvar eg vil, um det er aldri so djupt. Bæ!
Du fær meg kje denne Gongen!
Berre eg var kvitt denne Skreppa. Puh! — eg er
i Grunnen trøytt. Ho er tung, Trolle. Fælt tung.
Men alt fær vera vel, berre eg i dette Myrkre kann
finne att Skli.
Eg stabbar meg upp-yvi Bakken; styd meg paa
Staven min. Rett som det er sig eg i att til Mjødmine.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>