Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 107
I verste Tilfelle vil eg kunna kjenne meg fram med
Føtane; so snart eg kjem utanfor Vegen sig eg i til
Knes.
Rart med denne Vintervegen; han gjeng paa so reint
ukjende Leidir, tykkjer eg. Og no daa det er myrkt
ser eg korkje Trona eller anna som kunde vera til
Rettleiding. Alt er framandt og rart. Her ber det
svært underlegt i Veg; beint i Sør; upp-yvi eit
Bakkedrag eg aldri hev visst um; men halde Vegen lyt eg
i det lengste.
Myrkare og myrkare. Men som ei liti brungul
Stripe burtigjenom Snøfor.ni skimtar eg Vegen enno . . .
stykkjom-til. Det er daa som baade hin og den at
det ikkje kann klaarne upp. Kaldt hev det vorti; men
klaart . . . naah; noko skal det vera.
Eg er komin inn paa ei vid kvit Flate; det maa
vera eit Vatn. Men det skulde ikkje vera noko Vatn
her; kann det vera rett, dette?
No vert Vegen burte reint. Um eg ser og stirer
aldri so vel . . . ikkje Skuggen av Veg; ikkje den
grannaste Tanke. Svært so braadt det vart myrkt
daa! — Aa, no forstend eg: det kjem Snø. Ja det er
greidt. Eit Grand Snøtjukne kunde kje gjera vondt
no . . . Ja-ja; so fær eg lite paa Føtane.
Dersom eg endaa var viss um Leidi! Skal eg upp
Skare i Vest? Eller Skare i Nordvest? Og naar alt
kjem ihop: er det Vest burt-yvi der? Kanskje det er
Nord? — Det eg kallar Nordvest vart daa Nordaust.
Og so dette Vatne som eg aldri hev visst um . . . .
— Naa? — Aa haa. Midt i Snøfonni. Attende
att. Det er so vidt eg kann timja mine eigne
bjørnevide Raggsokkefar; dei freistar eg aa fylgje. So gjeng
det lettare au. Pst! — er kje dette Vegen? — Jau
Gudskjelov. Her er Snøen fast.
Aa det er ikkje raarlegt. Berre agte paa naar eg
kjem ut av Vegen, og so fylgje sine eigne Far
attende; ingi Naud, ingi Naud . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>