Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV 1 118
Skreppa paa Ryggen att; — hu, so tung som ho
var. Og so Hjarta i Live. Eg andar djupt nokre
Gongir; legg so i Veg. Um eg skal symja gjenom
Snøfonni, fram maa eg.
Men her i Lidi, framunder Bakken, hev Snøen lagt
seg i Fennar som der ikkje er Botn paa. Eg kavar
meg fram nokre Famnar; so sig eg ned-i til Armane.
Der sit eg. Eg er for trøytt. Orkar ikkje aa røre
meg. Skreppa tyngjer; Føtane er som valne. Aa, so
godt og mjukt det var aa liggje her. Eg kunde
sovne . . .
Tanken gjer meg rædd. Eg vil ikkje. Elvi klunkar
og græt i sine svarte Hol; Dalen er hustrin og trong;
det kunde koma Varg; eg kunde sige ned i Hola til
ein Bjørn . . . uviljande dreg eg Føtane til meg.
Sovna eg her var det slutt. Og ho som sit heime
og ventar. Ho tek vel alt til aa bli uroleg no. Gjeng
ut paa Holmen og fær han Ola med seg, og ho Anne;
dei ieitar ned gjenom Skogen med Ljos og Lykt . . .
hyss; høyrde eg Rop? — Nei. Det er Elvi.
-—- Nei; ikkje sovne her. Hadde det vori i mine
Ungkarsdagar —. Haah. Jøss; tenk, unne sine Venir
ei slik Glede! — So fekk dei gratis ei kløkt Stund;
og Røde-Emne for fjortan Dagar . . . var det Ulykke
eller Sjølvdraap? Kvi drap han seg no? Var det
hennar Skuld? Ja er det kje det eg hev sagt? — Tull,
Gut. Uppatt; du er kje so trøytt enno. Eg maa daa
kunna klara dette-her. Fint Ver og allting . . .
Vinn eg ikkje heim, so kann eg alltid klara meg uppi
ei Sæter. Der kveikjer eg Varme og sit og kosar meg
til det er ljost; — eg hev vel Fyrstikkur? — Neigu.
— Ikkje Tanke til Fyrstikkur. D’er greidt. Hadde
det vori ein Gong naar eg ikkje hadde turvt deim . . .
Fanden take Dygdi. Eg skulde vera klok og slutte
aa røykje; spara paa Helsa og dertil spara Mynt . . .
No kann den Dygdi koste meg Live. Eg hadde kje
gløymt Fyrstikkur i den Tidi daa eg røykte . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>