Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV 1 119
Naa; Tull. Heim maa eg. Den vesle Snøkaven
er yvi; det ljosner eit Grand; eg grev meg upp or
Snøfonni og ned paa Isen.
Fær halde meg der. Like paa Iskanten; tett
innmed Land. Høyre meg fyri og kjenne meg fyri. Det
kjem vel med no, at eg hev denne lange Skistaven.
Her er det lettare aa gaa. Snøen gjeng berre uppaa
Tjukkleggen. Men tenk um det kom ein Varg hoppande
ned or denne stygge Lidi! —- Hu, kva var det? Rørde
det seg ikkje? Tull. Vargen søv no, han.
Eg stanar og lyder; er det Vatne eg høyrer, eller
er det for Øyro mine det syng? Eg vert rædd; det
liksom glor so svart mot meg fraa Snøen der framme.
Krabbar inn i Lidi att og dreg meg nokre Stig gjenom
Fonni. Nei; det er raadlaust. Ut paa Isen att. Eg
stakar meg fram med Staven Stig for Stig. Sveitten
renn meg kald ned-yvi Andlite.
Eg er hol og tom men ikkje svoltin. Torsten er
det verre med; eg tek meg ei Klype Snø so no og
daa, men vert berre tyrstare; læt det so vera. Du
kann alltid tola aa tyrste eit Par Timar; skal du
døy i Natt so vert det ikkje av det . . .
— No skulde eg snart hava Vegen. Men eg finn
han ikkje. Leitar i Kross og Krok, att og fram, upp
og ned; ingin Stad fastare Grunn; alt Snø; laus djup
Snø, mjuk og tung som Ul!. Og so er det inn i Lidi
og symja i Snø att, kvar Gong eg høyrer Elvegraaten
gjenom den svartstille Natti.
Det gjeng smaatt. Men det gjeld aa spara paa
Kraftine. Ande rolegt, taka det jamt; ikkje aaleite seg;
ikkje misse Mode. Vert eg rædd er det ute med meg.
Og eg stakar meg fram Stig for Stig; kviler og andar
rolegt og langt; øver meg i aa sjaa ut i Natti med
trygge Augo . . . Det er Buskar du ser, korkje Varg
eller Bjørn ... og ikkje Skrymt og ikkje Hallu . . .
det er sjølvsagt ikkje Skrymt eg er rædd; men ein
kann ikkje vera trygg for sine eigne Innbilningar . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>