- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
121

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 121

einaste kann vera han Esten Vangen; han fær Lov til
aa halde han sume Tidir; men so hev no han Esten
reint eit sers Barnelag han, og hev dessutan gjort Stol
til Tuften, og Hest, og Mann, og ei Ranglegreide; so
det er ikkje noko rart at Tuften vil vera hjaa Vangsen.
Men at han vil vera hjaa meg —! Det maa vera av
di han hev betre Vit enn Folk flest og forstend at eg
ikkje er so leid som eg ser ut til.

Og so finsleg som han er! Kanskje du trur han
gjer seg ut i Reivane, du? — Ha-ha. — Ja det kann
vera naar han hev vondt i Magen; daa kann det hende
noko av kvart Slag baade for den eine og den andre,
veit me. Men elles ventar han til den Tidi kjem daa
Mor hans klæder og steller han. Daa held ho han
fram, og daa læt han det gaa, — paa Golve der slikt
høyrer heime. Ja han er pertentleg. Reint tærtefin;
plent som ei Dame. Blir det ikkje noko sers av honom,
so skal det vera rart; men so er han no ikkje
„Kol-botn-Prinsen" for inginting heller, veit eg.

Og so ven som han kann vera naar han smiler og
lær. Og jamenn hev han alt slikt Vit paa Moro og
Leik at du skulde aldri tru det. Naar Mor hans læt
han „jide janke", og ho kjem til dei tvo smaae
Vov-vov’ane som „ligg under Omnen og segjer: vov! vov!
vov! — vov-vov-vov-vov!" — aa, so hjarteleg godt
som han lær; higrar og lær; det er som Fuglekvitr og
Killingdans, naar han sit slik og jublar og hoppar paa
Knée til Mor si.

„Ja, ja; læ du," segjer eg; „du fær tidsnok graate";
eg skal liksom vera den gamle og vise eg no, maatru;
og det er slikt dei gamle hev aa gjera, veit du —:
skiple Gleda for deim som kann vera glade; blande
graatt og surt inn i Solskine for deim som enno er so
sæle at dei hev Soli.

Elles er Tuften alt den Kar at han gjer Nytte for
seg i Verdi; gjev Far hans kunde segja det same um
seg! — Han stend Modell til ein av Personane i den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0129.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free