Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
Ein Sau som vert so modig at han vil hengje upp
sine Uvenir, — er ikkje det Moder-Kjærleik, so veit
ikkje eg. —
Han Ivar Matlaus, som han kallar seg no, Savalguten,
Anarkisten, — han lær aat meg, han, naar han ser
meg so husleg. Og eg kann ikkje segja so mykje um
det; det maa vera rart. Tenk, denne fæle Fritenkjaren
og Mann folk fyren i Slaaprok og bøtt Brok med ein
Reivunge paa Armen . . . stundom kann det vel au
hende at der er Flekkir av baade det eine og det andre
etter denne Ungen paa Brokeknéi mine; — tala ikkje
um det! — Men kva skal eg gjera? Ho Hulda maa
sova so no og daa, ho med; og dessutan, denne
Tuftekallen, ser du . . . Det er so rart med det.
— Tuftekallen, ja. Det vart Gut. Ein lang diger
ein paa tjuge Merkir. Store breide Hendar og Føtar
er der paa han, so det maa bli Troll til Kar naar han
ein Gong veks upp; og dei klaare blaae Augo til Mor
si hev han, so at endaa dei segjer han svipar mest
paa mitt Folk, so er der daa noko som er vent paa
han. Skallen hans er veldig; gjeng alt godt so kann
der nok bli Vit i den; og ein Skapnad er der paa Karen,
so naar han er nakin og stend og spenner i Fange til
Mor si, so er det som du skulde sjaa ein litin
Løyt-nantstubb. — Stend ? Um han kann staa? — Heh;
det var au noko aa spyrja um. Han gjeng frammed,
Gut! Um fjortan Dagar slepper han seg! Jadaa. Kom
ikkje der. Og Mama kann han segja, og Papa; ,,Ma—
ma—rna", „ba—ba—ba", segjer han; dessutan kann
han segja Kaka. Denne Tullebukken Ivar Matlaus vil
nok innbille oss at Guten ikkje meiner noko større
med dette; men det kjem seg av at han Ivar berre er
Ungkar og ikkje forstend seg paa so fine Ting.
I det heile hev han utruleg godt Vit — Tuften,
meiner eg — og er eit framifraa Mannsemne. Han
kann godt sjaa Skilnad paa oss og anna Folk; og han
vil ikkje vera hjaa andre enn Mor si og Far sin. Det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>