Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
KOLBOTNBREV
1 149
Det var no ho som tolde han minst au. Ho hadde
i denne Vinteren havt det verre enn eg visste.
Svevn-vill og utmødd gjekk ho og drog seg, gul og graa som
var det Dauden ho bar paa; og no daa Vaaren skulde
koma med betre Dagar, med Driving i Skogen og Svevn
um Nætane . . . jau Takk, no kom det verste.
Det var den isende kalde Vaarvinden som gjorde det.
Snøtiningsvinden.
Sidan skiftest Tuften og Tannverken um aa taka
Svevnen fraa henne. Det var ikkje nokon vond
Tannverk; det var berre Smaamurring, so ho hadde kje Hug
til aa ofre Tonni heller; gjekk daa med ho Tid etter
Tid; bruka Husraadir og Tanndropar; trudde det maatte
gaa yvi; det same trudde eg; og um eg no hadde gjort eit
Par laake Vers . . . Helios hadde sétt laake Vers fyrr, han.
Men Tonni vart verre og ikkje betre. Snart gjekk
ho Hulda som i ei Halvørske. Aldri Svevn, aldri Ro.
Ho kom so langt at ho vilde ofre Tonni; men daa var
ho for klen; det var ikkje greidt no i Vaarkalden aa
koma til Doktaren.
Daa vart det rangstellt i Kolbotnen. Eg skulde
skrive; den vesle skulde hava sitt Stell, og ho —!
— Rett som det var tok ei ny Tonn til aa verkje.
Det gjekk paa Vite reint. Nei, so stod ho upp ein
Dag og klædde paa seg. Ho vilde til Auma. Der
budde Strømsengen. Han var ikkje Doktar. Men
han skulde vera glup til aa taka ut Tennar lel. Det
fekk gaa som det kunde; av Stad bar det.
Han Esten Vangen fylgde; eg maatte vera heime
og vera Barnepike.
Ho kom til Strømseng midt paa Natti, livlaus mest.
Strømseng tok den eine av dei vonde Tennane. Den
andre brotna.
Ho hadde fari med Tannverk og kom heimatt med
Tannverk; men han Esten hadde vori paa Apoteke paa
Tynnset og fengi Morfindropar. So sov ho i nokre
Nætar paa deim.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>