Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
Me lengta etter Vaaren so me gjekk sjuke. Eg som
aldri gjer Vers laga ihop til ein Tone av meg sjølv
noko som eg kalla
Solbøn.
Kom med Liv og lange Dagar,
Liv for Lund og logne Aas,
Liv for Eng og Skog og Hagar,
herlege Gud Helios!
Høgtid gild me daa deg lagar,
herlege Gud Helios!
Kom med Glans um Tun og Tindar,
Solgull skirt paa Sjø og Foss,
Sus av sæle Sümarvindar, —
herlege Gud Helios!
Bløming blid paa Rygg og Rindar,
herlege Gud Helios!
Kom med Vaar og solrik Sumar.
Fugledans i Krok og Kross,
Kvitring, Bræking, Langlur-Omar, —
herlege Gud Helios!
Laat og alle linde Ljomar,
herlege Gud Helios!
Kom med Liv og lange Dagar,
Liv for Lund og Fjell og Foss!
Høgtid gild me daa deg lagar,
herlege Gud Helios!
Helg for deg i Höv og Hagar,
herlege Gud Helios!
Ja; Helios kom. Men um det kann ha vori for det
at han, Hellenaren, ikkje lika mine barbariske Vers, —
nok er det: han kom . . . med mykje fagert og godt,
veit du, men . . . han kom med Tannverk.
Og som det so ofte gjeng, at det er den skuldlause
som maa svide: det var ho Hulda som fekk Verken;
ikkje eg.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>