- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
151

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KOLBOTNBREV

1 151

ho Hulda kunde sitja paa. Ein Skinnfeld til aa hava
yvi seg fekk ho au; for det leid til Kvelds og vart
kaldvori. Jens fylgde med; han saag at det kunde
turvast Folkehjelp her kanskje. Ned-yvi bar det.

Skogvegen er lite køyrande for friske Folk; men
slikt kunde me kje bry oss um; det galdt berre aa
naa Toge.

Hulda sat og seig ihop paa Høysekken sin; eg
gjekk og studde henne til Armane dovna.

Me naadde ned! — Gud veit koss det gjekk til.
Og so i Baat yvi Glaama; og so i Sprang upp
Vegen til Stasjonen . . . Toge rusla i Veg med det
same me kom; me vart kasta inn i ei Vogn og var
berga.

— So langt.

Men daa me kom til Tynnset, var det ikkje Tanke
um aa gaa til Doktaren den Kvelden. Ho var for
klar. Ei Natt til fekk ho herde; ingi Raad med det.

Morgonen etter kom me til Doktaren, øydelagde av
Svevnløyse og Morfin. Han skreiv upp Soveraadir til
oss: Brom, Chloral, Opium; og Tanndropar fekk me;
og Cocai’n, og Antipyrin, og alt fælt; men Tennane
torde han ikkje røre.

Ho var for veik, sa han. Han maatte brüka
Svæ-vingsraadir; men det torde han ikkje utan han hadde
ein annan Doktar med seg. „Enn eg —? kunde kje
eg — —?" — „Det maatte i alle Fall vera ein som
ikkje var nervøs," sa Doktaren. Der stod me. —

Ho Hulda laut taka til Tölmode paa nytt. Vente
til i Morgo; til Toge gjekk; og so til Hamar . . .
tjuge Milir Jønnvegsskaking. Og so ei svevnlaus
Natt til . . .

— — Etter dette var det me sagde til kvarandre,
at det gjeng ikkje.

Kolbotnen var den einaste Staden i Lande der me
kunde bu; no ser me at me kann ikkje bu der heller.

Den minste Ting, ei vond Tonn, eit Krampetilfelle,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0159.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free