Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
126
KOLBOTNBREV
kann setja oss reint fast. No daa me hev Guten
kann me alraminst spela slikt Vaagaspel.
Ut maa me.
Eg hadde søkt Statens Reisestipendium; kunde eg
faa det no, so vilde me vera berga. Ein Dag kjem
Bladi og fortel at eg ikkje fær det.
Me maa ut lel.
Eg er komin so langt med den nye Sogo at eg ser
det vert Bok av. Skriv so til den danske Forleggjaren
min og bed um Fyribetaling. Det fær eg strakst. So
fær me liva paa Boki so lengi den varer; og sidan . . .
fær me sjaa, daa.
Det maa finnast Stadir i Verdi der det er likso
bil-legt aa liva som her. For her er ikkje noko billegt.
Bøndane lyt nok hava det dei kann faa; og alt me
maa taka med Jønnvegen vert urimeleg dyrt; dei
norske Jønnvegstakstane er kje for Smaafolk, veit du.
1 Sørparten av Tyskland skal vera billegt; i Bayern
t. D. Kannhende me der kunde finne ein fredeleg
Flekk ... ein Landsby ikkje for nære Storbyen og
ikkje for langt ifraa heller; der kunde me skipa oss
eit nytt Kolbotnen kanskje, og sleppe likso billegt fraa
det som her, eller vel det. Og so er der meir Sol
der, og gladare Folk. Dei er kje so gode Kristne der
nede som her; dei er katolske. Stakkar; men dei skal
vera rimelege lel, og korkje brenne eller svelte Folk
som ikkje trur paa Paven. Og so kann eg skrive; og
Kjeringi fær laga Mat; men um Kvelden gjeng me
paa Gasthaus. Og Tuften . . . han fær vekse upp
dernede og lære seg Tysk, so han ikkje som Far sin
skal vera bikkjebundin til desse nakne Fjell som helst
spenner fraa seg Borni sine. — —
— Me pakkar vaare Kuffertar. Tek so Tuften paa
Armen. Og stengjer Dørine i Kolbotnen og stryk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>