Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
Knudaheio 22. 5. 1899.
Du Steinar!
JA; no er eg heime att.
So heime som ein burtkomin Son kann vera, naar
Heimen er burtkomin likso vel som Sonen. Og det
fær eg vel segja at min Heim er.
Eg var Erving og Odelsmann. Garden laag fint i
Sud-Halle attunder Garborgs-Aasen, med Aas-Høgdi til
Live mot Hav-Vinden fraa Vest og Nordvest, og med
Risa-Bakkane til Trygd i Sud, og Tjensvoll- og
Mossige-og Fosse-Bakkane i Aust, og ovanum deim
Fjellheimen den blaae. Fager og vel-stelt laag Garden min
der, ned-ervd til meg gjenom Aldrar og Ættir, og
upp-arbeidd aat meg ikkje minst i den siste Tid.
Men eg skauv Garden fraa meg. Den skauv daa au
meg fraa seg. Han Far, som var sjuk, gav upp alt,
selde Garden og gjekk or Verdi. Me Borni søkte nye
Heimar. Kvar me kunde, og kvar paa si Leid. Men
Heimar er kje so snart bygde som dei er brende.
Heimlause var me og heimlause vart me, tvo av oss
i Norig, dei andre i Amerika.
Det er Bondeliv fraa det norskdanske Norig dette.
Nordmannen er heimlaus no. Lande hans hev i 500
Aar vori framandstyrt; no er det framandt. Han
kjenner seg ikkje heime lenger; og so fer han.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>