Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
158
KNU DAH EI BREV
Med meg som med andre fekk Heimløysa Magti.
Og ut kom eg. Vildra og vanka paa framande Stadir.
Leitte etter eitkvart, men visste kje kva det var.
Til Slutt fekk eg ein Mistanke um, at det var ein
Heirn eg leitte etter.
Mange Aar gjekk. So fann eg meg att ein Dag
upp-under Dovrefjell. Der hadde eg reint uventande
fengi meg ein Heim. Og ei Kone hadde eg; og ein
Son attpaa.
Der kunde eg daa vorti verande, meiner du. Slik
ei livd Kraa høgt upp-ifraa alle Bygdir millom Skyir og
Skog og blanke Vötn og Reinmose-Viddir og breide
blaae Øysterdalsfjell, den kunde eg godt vori nøgd med.
Eg er daa Bonde, segjer du, „og ikke af Embeds- eller
Finne- eller Fante- eller andet Nomadefolk".
Ja. Du kann so segja. Men no skal du høyre koss
det bar til.
Som sagt er: me var vortne tri der uppe i Fjelle.
Og den tridje var ein romfrek Kar. Skulde me hava’n
her, laut me byggje paa Stogo.
Timber var hoggi og Timbrar leigd. I god Tid: eit
Aar sidan. Og ein Timbrar til hadde me tinga paa,
um den fyrste etter Øysterdals Vis skulde bi „hindré".
Timbraren vart hindra. Daa me sende Bod etter ’n,
hadde han fengi ein Verkefing. Me bödsende den
andre. Men han hadde ikkje havt so mykje som eit
Aar, han, til aa fyribu seg i. So turvte han ikkje
nokon Verkefing heller. Han berre sagde: var det so
likt. Og han lagde til: eit anna Aar, kannhende.
Der stod me.
Vente eit heilt Aar etter Hus-Rom, — so mykje
Øysterdølir var me endaa ikkje vortne. Og det me
serleg trong um no snart, ein norsk Barneskule, hadde
dei kje meir upp-under Dovrefjell enn ned-under
Grefsen-Aasen. So stengde me Dørine og drog.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>