- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
165

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

165

Bakken med Veda-Haugen og alt til Heidane
upp-ikring Synesvarden. Til Slutt skulde det laga seg her
paa Stora-Undheim. Der fekk eg for hundra Kronur
kaupt eit Maal Jord med all denne fagre Utsyn.

Dei segjer eg vart snytt. Hundra Kronur for eit
Maal Lyngmark upp-i ei Stein-Heid, det var daa kje
med Vit, segjer dei. Men daa reknar dei ikkje
Ut-syni. Dessutan, kva skulde slik ein som eg vera til,
naar han ikkje lét seg snyte so daa og daa, helst av
Heimefolk? Og hev eg forskyldt den Markabiten godt,
so kann eg vel au vera tvi-trygg paa at eg eig ’n.

Veg hev eg mest heilt fram. Det er berre eit Par
Gjerde aa klive og eit Par Myrhol aa klara fyrr eg
kjem aat Hus; og baade Handelsbu og Mjølkebruk
(„Meieri") hev eg ned paa Garden, so eg snart kann
naa deim men ikkje tarv sjaa deim. Eg skal nok klara
meg i Knudaheio.

Huse vart mykje dyrare enn eg hadde tenkt; um
Lag te so dyrt. Men so hev eg au fengi eit Hus paa
Festningsmurar, og med ein Kjellar som eg kunde
bruka til Smede-Verkstad. Byggjarane trudde eg var
rik, maatru; paa ei einaste Bok skulde eg ha tent
tjuge tusund Kronur; so eg kunde vel kje bu her i
Undheimsfjelli reint som ein Fant. Eg fær daa sjaa
aa berge mi Rikmanns-Ære so godt eg kann;
Byg-meistaren min, han Sven Litla-Undheim, er rimeleg og
greid, so det skal vel laga seg.

Høgt ligg Stogo og ser vidt yvi Land; ikkje sjølve
Garborgsaasen kann stengje for meg lenger. Det er
ein av Barnedraumane mine som no paa ein Maate
sannar seg. Eg var i den Draumen Lyktemann, og
hadde Holo mi ein Stad her upp-ikring
Sikvalands-Kulo. I myrke Nætar gjekk eg med Lykti ned gjenom

Veda- (Vita-): den gamle Hérvarslingsvarden stod der. —
forskylde: „gjengjælde"; betala. — te so dyrt: ein Gong
til so dyrt; tvidyrt. — ei Kule: 1) Kule; 2) breidt, stort
Fjell.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free