- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
164

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

164

KNU DAH EI BREV

Lenge leitte eg, fyrr eg fann denne Tufti. Alltid
naar eg var her hit-yvi i seinare Aar — „Fred" skreiv eg
paa Ut-Salte; det meste av „Haugtussa" vart til paa
Loftkammerse hans Lensmann Gausland, som bur i
Taarlandsmyro og held paa aa gjera den um til Aaker
og Eng —, lurde eg etter Tuftir; og helst tenkte eg
daa paa ein Heidabite som eg kunde gjera „Gard" eller
„Plass" av.

Mark-Aasen saag eg paa fyrst. Det er vestan- og
nordan-i Garborgsaasen, det, i Marki vaar var; der
gjætte eg so mang ein god Dag daa eg var litin. Og
eg lika meg i Markaas-Lynge. Ein skimtar ei Rand
av Have fraa øvst i Markaasen; og paa Nord-Rése,
der Aasen svingar aust-yvi att, ligg dei tvo
Gravhaugane som eg i Barneaari hadde drøymt ymist rart um,
etter Sogur som „Carolus Magnus" hadde fortalt meg.
Eg hugsar ikkje desse Draumane so vel no. Men det
gjekk um Kongar som var nedgravne her, med Kronur
og Kongsstavar og i full Stas; men blanke Sverd laag
yvi Kista i kvar Haug, og stakk alle som grov seg
ned-i og vilde leite.

Nedanum Markaasen ligg Maulands-Hagen. Den hev
fyrr høyrt Mauland til, Grannegarden vaar nedanfor
Aasen. Her renn Tver-Aai i blenkjande Svingar; den
vilde vera gild aa hava aa sjaa paa, meinte eg; og like
eins dei grøne Maulands-Engine ho gjeng igjenom.
Stogo hadde eg tenkt aa leggje tett inn-til dei gamle
Haugane, soleis at desse paa ein Maate vart
medhøy-rande til Garden min.

Men denne Draumen sprengdest. Markaasen var
sundskift og sundgjerd no; det var ikkje min Markaas
lenger. Og so var her komi so mykje Gjerde. Eitt
av deim gjekk endaa midt yvi den eine av dei tvo
Gravhaugane. Eg misste Mode paa Markaasen.

Sidan leitte eg etter Tuft baade her og der, fraa Tu-

Myro (Myraa) = Myri.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0172.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free