- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
167

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

KN UDA HEI BREV

167

Bruri si. Her er slik ein fager Fyrisümars Kveld;

Sjøen den blanke han blinkar og han blunkar . . .

*



Morgonen etter.

Lengi vart eg gangande der uppe; Soleglads-Synir
lyste for meg i Æventyrglans. Men det saag eg trast,
at Knudaheiberge ikkje er noko Jøtunkne. Det er ei
Kongsborg, korkje meir eller mindre. Halvt i Røys,
lat gaa; men ei Kongsborg er det. Fraa Take av den
raar eg heile mitt Rike. Her ned-i mi Kvardags-Hall,
fraa den vesle laante Tre-Krakken ved det vesle laante
Tre-Borde, raar eg berre Heime-Rike; men der uppe
raar eg Verdi. So no kann du tru eg vert ikkje god
aa nappast med.

I Gjærkveld daa eg gjekk der uppe og saag denne
vene vide Verdi i Maaneskin vart eg sorgfull og tenkte:
aldri i ditt Liv kann du maale eller skildre slikt. Det
er for stort; det er for vent; det er for mykje. No
græt eg ikkje lenger for det. Kunde eg skildre Rike
mitt, so kom Jæren paa Mote, og Farafanten kom
drivande her ifraa og der ifraa og sagde „storartet".
Dermed hadde ikkje eg meir her aa gjera.

Det er den største Lykke ein i desse Tidir kann
naa: aa finne ein Bustad som er trygg for Farafanten.
Eller for Turistflugo, um du so vil.

All Stad er ein i Beit med denne Turistflugo. Og
serleg all Stad der ein vil vera i Fred. Eg rømde til
Rom ein Gong; tenkte det laut vel vera Fred aa faa
i den heilage Staden. Fred? Det eg fann var Baedeker.
Kor eg kom og gjekk: Baedeker; Baedeker; Baedeker.

So misste eg Resten av Tölmode mitt; eg tenkjer
ikkje lenger paa korkje Arabs eller Faraos eller Israels
Land, endaa desse Draumheimane alle Dagar drog meg.
For um eg vilde gøyme meg i Skogane paa Libanon
eller i Berg-Kluftir attunder Sinai, for Baedeker var
eg ingin Stad trygg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free