- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / VII. Brev. /
168

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

168

KNU DAH EI BREV

Lengi kann ikkje Turistflugo liva. Ho er seg sjølv
ufysi; det er seg sjølv ho flyr. Men di meir ho flyr
seg, di meir finn ho seg, og di ufysnare vert ho seg.
Berre Millionherrar kann no gjera hugsame Ferdir, dei
som kann koste seg Ser-Timar all Stad, og soleis fri
seg for Flugu-Skreidi. Men snart er her so mange
Millionherrar at det vert Fluguskreidir av deim med;
og daa kjem Enden. Daa vert det kje fint lenger aa
vera Turist. Og daa kann me utvalde eller utskotne
gjeva oss paa Fantestig att som i gamle Dagar.

Men til so langt lid fær me gøyme oss, som eg her
hev gjort. Og sæl er eg, at eg fann denne Tufti i
Undheimsmarki!

*



–Huff; no lyt eg vel til med dette Matstræve

att. Og eg hev ikkje havt varm Mat paa tri Dagar;
Koking maa til. Som vel er liver me i
Hermetik-Aarhundrade. Klokka? — Au, seks. Naa! never mind,

all right; so ét eg til Kvelds med same.

*



Dagen etter.

Fint og trygt ligg Stogo mi paa sin vesle Lyng-Rabbe
att-under Knudahei-Berge. Ho er bygd etter den
gamle Jærbu-Maaten; for det var det, veit du, at eg
vilde heim.

Ein Ting vantar i Knudaheio: Vatn. Det var ein
Martsdag ifjor eg var her og handla; daa fossa og
fløymde det all Stad. Men no er her kje anna enn
ein ørlitin Bekk. Og den minkar og minkar kvar Dag.
Han vil vera burte fyrr eg varast, segjer dei. Den
Vats-Renna som er innlagd i Kjellaren min kann ikkje
heller hjelpe meg; ho fører eit Myrvatn som ikkje vert
reint i dette Aarstale. Men ein fær taka Verdi som
ho snur. Um Bekken turkar, so er det ei Tjørn her

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:49:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/7-1909/0176.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free